Demensomsorg

Vik kommune yter tenester til personar med demens og deira pårørande. Tilbodet vert tilpassa kvar enkelt brukar og tenesta kan ytast i eigen heim, på Dagsenter eller på institusjon.

Meir om tenesta

Kva er demens?

Demens er fellesnemning for ei gruppe hjernesjukdomar som vanlegvis dukkar opp i høg alder og som fører til symptom som minnesvikt, sviktande handlingsevne, sviktande språkfunksjon, personlegdomsendringar og endring av åtferd. 

Tilstanden fører til redusert evne til å ta vare på seg sjølv.

Har ein mistanke om demens, er det viktig å ta kontakt med hjelpeapparatet tidleg. Ein bør fyrst drøfta dette med fastlegen, då det er viktig å avklara at endringane ikkje skuldast andre tilstander.

Dette kan du få hjelp til

  • Utredning og diagnostisering
  • Spesialisthelseteneste
  • Kontakt og rettleiing fra kontaktperson og Hukommelsesteam
  • Tilbod om Koordinator og individuell plan (IP)
  • Dagsenter
  • Støttekontakt
  • Praktisk bistand
  • Heimesjukepleie
  • Fysioterapi
  • Ergoterapi
  • Psykiatrisk sjukepleie
  • Tannhelsetenester
  • Omsorgsløn
  • Avlastningsopphald på institusjon
  • Langtidsopphald på institusjon
  • Førebyggjande heimebesøk (tryggleik, hjelpemiddel)
  • Pårørandeskule, pårørandegruppe
  • Verjemål og samtykkekompetanse
  • Andre dag- eller natt-tilbod (sjukeheim, Velferdssenter)
  • Oppfølging ved tap av førarkort 
  • Kommunens informasjonsbrosjyre og informasjon på kommunen si internettside
  • Andre aktuelle ordningar (personleg assistent, frivillige ordningar som besøksven, og anna)
     

Personar med demens kan søkja om tenester som heimesjukepleie, heimehjelp, spesielt tilrettelagt dagtilbod, nattopphald, avlastning, tryggleiksalarm, velferdsteknologiske hjelpemiddel, matlevering med meir.

Når personar med demens ikkje lenger kan bu i eigen heim, kan dei søkja om omsorgsbustad, eller opphald på sjukeheim på eining som er spesielt tilrettelagt for personar med demens. 

Ved langvarige og samansette behov for tenester, kan ein søkja om personleg koordinator og eventuelt individuell plan. Det kan du lesa meir om ved å følgja desse lenkene: 

Personar med demens kan også ha rett til ytingar frå NAV. Du finn kontaktinformasjon til NAV ved å følgja denne lenka.

Særskilt om dagtilbod for heimebuande personar med demens

Tilbodet er for deg som har fått ein demensdiagnose, eller det føreligg ein mistanke om demens.

Ved dagtilbodet vil du treffe andre menneskjer med dei same utfordringane. Å møte andre i same situasjon, kan ofte gjere kvardagen enklare for deg sjølv og dine næraste. Dagtilbodet er tilrettelagd slik at du skal få ein meiningsfylt kvardag med sosialt samvere, og oppleve meistring og glede gjennom deltaking i ulike aktivitetar i trygge omgjevnader.  Å vere i aktivitet syner seg å ha ei god helsemessig vinst!

Målsetjinga er å gje eit tilbod på dagtid som kan føre til auka livskvalitet og mogelegheit for personar som er råka av demens å bli buande heime lengst mogeleg. Samt vere ein avlastning og støttespelar for pårørande.

Demenskoordinator

Ein demenskoordinator skal fungere som bindeledd mellom personar med demens (samt deira pårørande), og dei ulike delane av tenesteapparatet i kommunen. Dette er eit lågterskeltilbod, noko som vil sei at alle som har behov kan ta kontakt med demenskoordinatoren, dersom dei treng råd og rettleiing i samband med demens.

Demenskoordinator skal arbeide for å sikre gode tenester til den demensråka og deira pårørande gjennom å tilby:

  • Samtaler og rettleiing.
  • Heimebesøk og oppfølging.
  • Ha oversikt over ulike tilbod kommunen har til personar med demens.
  • Ha tett samarbeid med heimetenestene, tildelingskontor, fastlegane og Vik Bygde- og sjukeheim.

I tillegg arbeider demenskoordinator med å sikre at helsepersonell i tenesta  får rettleiing og undervisning om demens, samt å arrangere pårørandeskule og temakveldar kring demens.

Demenskoordinator kan nåast på telefon mellom kl.8.30 og 15.30 måndag til fredag. Kontaktinformasjon finn du ved å følgja denne lenka.

Hukommelsesteam

Kommunen har eit Hukommelsesteam som er samansett av lege, ergoterapeut og sjukepleiarar. I teamet sit

Hukommelsesteamet og demenskontakten har ansvar for systematisk arbeid i kommunen innan demensomsorg.

Kven kan få tenesta?

Tenesta gir tilbod til personar med  demens og deira pårørande.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post. 

Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.

Send søknad her (elektronisk).

eller

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)

Dersom du vel å lasta ned skjema, må du senda utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Dei fleste tilboda er gratis. På dagsenteret betalar du kostpengar (brødmåltid ,middag og kaffi). 

For opphald på institusjon gjeld eigne satsar:

Vik Bygde- og Sjukeheim
Vik Bygde- og Sjukeheim Satsar 2021 Satsar 2022
Langtidsopphald Statlege satsar Statlege satsar
Korttidsopphald Statlege satsar Statlege satsar
Dag/nattopphald Statlege satsar Statlege satsar
Vederlagsberekning. Maksimalreglane i vederlagsforskrifta vert lagt til grunn. Maks-grense pr. år 900 000,- 900 000,-

Vilkår for å få tenesta

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Du må bu i kommunen eller opphalde deg her, samt ha eit behov som tenesta kan hjelpe deg med. Det trengst skriftleg søknad til Dagsenter for personar med redusert hukommelse ( kognitiv svikt / demens)

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Dersom du har fått ein omsorgsbustad og du ønskjer å klage over uforsvarleg utføring av tenesta, kan du gjere det til statsforvaltaren i fylket ditt.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i bustaden kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontaktinformasjon

Demensomsorgen
Informasjon Kontaktopplysningar
Demenskoordinator 94 79 56 43
Vik bygde- og sjukeheim, leiar avdeling 2 97 58 30 95
Heimetenestene 57 69 87 40
Ergoterapeut 48 11 03 99
Vik legekontor 57 69 87 00
Nasjonal hjelpetelefon 81 53 30 32
Opningstider dagsenter Onsdagar og fredagar: 08.00 - 15.30

Aktuelle lenker og dokument

Til toppen