Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa rørslehemma og lagt til rette slik at bebuaren skal kunne ta imot heildøgns omsorg etter behov.

Meir om tenesta

Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Bebuaren betalar husleige og mottek heimetenester på same vilkår som andre heimebuande.

Kven kan få tenesta?

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilrettelagt bustad.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post. 

Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.

Send søknad her (elektronisk).

eller

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)

Dersom du vel å lasta ned skjema, må du senda utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Bustadane for utleige er individuelt prisa. Rein husleige vert auka i samsvar med konsumprisindeksen. I tillegg kjem auke i dei kommunale avgiftene. Leigetakarar som brukar større bosdunkar enn eit normalabonnement, må betala den ekstra kostnaden dette utgjer.

Vilkår for å få tenesta

Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtekne reglar.

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste. Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontraktar, jf. husleigelova. Tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettane og pliktane som følgjer av forvaltningslova.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Dersom du har fått ein omsorgsbustad og du ønskjer å klage over uforsvarleg utføring av tenesta, kan du gjere det til statsforvaltaren i fylket ditt.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i bustaden kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontaktinformasjon

Vik bygde- og sjukeheim
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon sentralbord 57 69 87 50
Telefon avdeling 1 91 56 23 68
Telefon avdeling 2 97 58 30 95
Telefon open omsorg (heimetenestene) 57 69 87 30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Besøkstider Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.

Aktuelle lenker og dokument

Til toppen