Sjukeheim - korttidsopphald

Du kan søkje om korttidsopphald på sjukeheim dersom du til dømes treng opptrening etter sjukdom eller nærmare utgreiing.

Meir om tenesta

Ein skil mellom tre typar av korttidsopphald:

  • døgnopphald (minst 24 timar)
  • dagopphald
  • nattopphald

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post. 

Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.

Send søknad her (elektronisk).

eller

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)

Dersom du vel å lasta ned skjema, må du senda utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Vik Bygde- og Sjukeheim
Vik Bygde- og Sjukeheim Satsar 2021 Satsar 2022
Langtidsopphald Statlege satsar Statlege satsar
Korttidsopphald Statlege satsar Statlege satsar
Dag/nattopphald Statlege satsar Statlege satsar
Vederlagsberekning. Maksimalreglane i vederlagsforskrifta vert lagt til grunn. Maks-grense pr. år 900 000,- 900 000,-

Vilkår for å få tenesta?

Det er behovet ditt som avgjer om du kan få tenesta.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Om grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Adressa er:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Kontaktinformasjon

Vik bygde- og sjukeheim
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon sentralbord 57 69 87 50
Telefon avdeling 1 91 56 23 68
Telefon avdeling 2 97 58 30 95
Telefon open omsorg (heimetenestene) 57 69 87 30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Besøkstider Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.

Aktuelle lenker

Til toppen