Koordingering av helse-/omsorg- og sosialtenester - individuell plan

Du har rett til å få oppnemnt ein personleg koordinator og utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege tenesteapparatet. Den individuelle planen skal sikra deg målretta og samordna tiltak.

Meir om tenesta

Ein personleg koordinator skal bidra til at dine ynskjer og behov vert høyrt og ivareteke. Koordinatoren si hovudoppgåve er å sikra eit heilskapleg, målretta og samordna tenestetilbod slik at du opplever auka livskvalitet og deltaking.

Dersom du ynskjer individuell plan, skal dette utarbeidast i kommunen. Individuell plan er eit dokument der dine mål, og arbeidet rundt desse, blir strukturert på ein oversiktleg måte. Dette dokumentet kan sikra betre samhandling mellom dei ulike tenesteytarane og deg.

Kven kan få tenesta og kva kan du få hjelp til?

  • Personar som grunna skade, eller sjukdom har funksjonstap som gir dei vanskar i dagleglivet. 
  • Personar med gradvis svekka funksjonsevne over tid.
  • Personar med kroniske sjukdommar.
  • Personar med medfødt funksjonssvikt.
  • Personar med fysiske, psykiske, eller sosiale problem.
  • Personar som treng hjelp til å planlegga nye situasjonar i livet som til dømes;
    • overgang frå barnehage til skule
    • overgang mellom ulike skular
    • overgang frå skule til arbeidsliv 
    • ny bu-situasjon
  • Personar som deltek i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor
  • Barn og ungdom som har langvarige og samansette behov og treng bistand frå fleire tenester har rett il å få oppnemnd ein personleg koordinator og utarbeida ein individuell plan jfr.lov og forskrift. Koordinatoren skal bidra til at barnet/ungdommen sine ynskjer og behov vert ivareteke og medverke ti eit målretta og samordna tenestetilbod.
  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar.
  • Ivareta personleg hygiene.
  • Sårstell, urinprøver, blodprøver, injeksjonar eller andre tenester som ikkje kan utførast på ditt lokale legesenter. 
  • Rettleiing i helsespørsmål (til dømes: kreftomsorg, lindrande behandling, demensomsorg, rehabilitering, diabetes)
  • Tilrettelegging av måltidssituasjonen.
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand (til dømes: velferdsteknologiske løysingar, fylle dosett, augedropar, injeksjonar, støttestrømper, tømme og skifte kateterpose og stomi).

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. 

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den som treng tenesta. Signert fullmakt kan leggjast ved søknaden.

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 417 kB)

Send utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:

Vik kommune
Koordinerande eining
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Vilkår for å få tenesta?

Det er behovet ditt som avgjer om du kan få tenesta.

Sakshandsamingstid

Koordinerande eining skal handsama meldinga så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Høvet til å klage er heimla i den einskilde lova (sjå avsnitt om lover og retningsliner).

Dersom du ikkje får innvilga personleg koordinator eller individuell plan av Koordinerande eining, kan du senda klage til Omsorgssjef i Vik kommune. Dersom nytt avslag, kan du senda klage til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eller til Helsetilsynet. Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.

Det er retten til individuell plan du kan klage på. Dersom ein individuell plan ikkje fyller krav til innehald (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har handsama saka.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.45
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker

Til toppen