Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

Besøk ved Vik bygde- og sjukeheim

I denne artikkelen kan du lesa reglar for besøk ved Vik bygde- og sjukeheim under pandemien.

Etter nye retningslinjer frå FHI av 30.11. 21 oppmodar vi alle besøkande som skal inn på VBS om å bruke munnbind.  Me oppmodar også alle besøkande til å gå rett på pasientrom under besøket og ikkje opphalde seg i fellesareal.

Dersom ein ikkje klarar å halde avstand på to meter inne på pasientrommet, er det vikitg å også nytte munnbind under sjølve besøket.

Råd til besøkende og ledsagarar:

  • Besøkande/ledsagarar til pasientar/bebuarar i helse- og omsorgstenesta forheld seg til råd som til befolkningen elles, men bør ikkje komma på besøk dersom dei har infeksjonssymptom eller er definert som nærkontaktar.
  • Infeksjonssymptom gjeld ikkje berre symptom foreineleg med Covid-19, men også influensasjukdom, norovirus og andre smittsome tilstandar som kan medføra alvorleg sjukdom hjå kronisk sjuke og eldre.
  • For å kunna tilrettelegga for at ubeskytta bebuarar skal kunna leva som normalt kan me dessverre ikkje ta i mot besøkande i stovene på sjukeheimen, men ber om at ein hentar med seg den ein besøker til eigna fellesareal eller pasientrommet.
  • Ved besøk under måltid må pasienten innta måltidet på rommet.

Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.

For spørsmål kan de ta kontakt med: 

  • Avdeling 1: 915 62 368
  • Avdeling 2: 975 83 095
Til toppen