Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

NAV informerer

I denne artikkelen kan du lesa om korleis du kan kontakte NAV under pandemien.

Kontaktinformasjon

"NAV Vik"
Postadresse: Postboks 93, 6891 Vik i Sogn
Telefon 55 55 33 33
E-post: nav.vik@nav.no
 

Alternative måtar å kome i kontakt NAV

Du finn alternative måtar du kan kontakte NAV på ved å følgje denne lenka.
 
Ring NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33 mellom kl. 09.00-15.00. Her får du rettleiing.

www.nav.no er ope heile døgnet.
På «Min side» kan du; ta direkte kontakt med din rådgjevar via digital aktivitetsplan, nytte «Skriv til oss», sjekke utbetalingar, registrere deg som arbeidssøkjar, søke stønad m.m. Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg.
 
Dersom du har spørsmål om pensjon kan du ringe 55 55 33 34 for rettleiing, er du arbeidsgjevar eller behandlar kan du ringe 55 55 33 36 for rettleiing.
 
Skal du levere noko til NAV kan du sende dette pr post eller legge det i konvolutt i postkassen utafor inngangsdøra til Kommunehuset.

Du finn elektronisk søknadsskjema på Vik kommune si heimeside under; Skjemaer bokstaven Ø, dersom du har behov for økonomisk sosialhjelp
 
Er du i akutt krise og må snakka med NAV Vik angåande sosiale tenester, ring tlf  907 01 724.»

Til toppen