Legehjelp i Vik kommune

I Vik kommune er legetenesta samla i Helsetunet (Flatbygdi 10), saman med Helsestasjon og fylkeskommunal tannlege.

Opningstider og kontaktinformasjon

Vik legekontor

Vik legekontor
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 00
Telefon legevakt 116117
Telefon øyeblikkelig hjelp 113
Telefontid dagtid 08.30-12.00 og 12.30-14.00
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.15
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post Vik.Legekontor@vik.kommune.no

 

Er fastlegen din på nett?

Vik legekontor nyttar nettbaserte tenester på nettstaden "besoklegen.no". Her kan du utføra følgjande tenester:

  • Tinga time
  • Fornya reseptar
  • Starta e-konsultasjon med fastlegen din
  • Kontakta resepsjonen på legekontoret

Du kan gå til sida for elektroniske tenester her.

Ringe legevakta etter opningstid

Legevakta har same gratisnummer i heile landet: 116 117. Når du ringjer nummeret, vert du automatisk kopla til den legevakta du høyrer til.

Spørsmål om prisar eller faktura?

Dersom du har spørsmål om prisar og faktura, kan du ta kontakt med Vik legekontor på telefon 57 69 87 00.

Byte fastlege

På helsenorge.no finn du all informasjon og fastlegeordninga i Norge, og du kan byta fastlege.

Kommuneoverlege i Vik kommune

Kommuneoverlegen har ei rådgivende og administrativ rolle innan helse- og omsorgsteneste.

Kontaktinformasjon til kommuneoverlege Thuy Anh Le Nes finn du her.

Til toppen