Legionellasmitte

Eig du ei verksemd som kan spreie legionellabakteriar, skal du sende melding til kommunen ved oppstart og ved utvidingar eller endringar, og eventuelt ta mikrobiologiske prøver.

Meir om tenesta

Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.

Du sender melding dersom verksemda har

  • kjøletårn
  • luftskrubbar
  • badeanlegg
  • boblebad som er tilgjengeleg for allmenta

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har

  • kjøletårn
  • luftskrubbar
  • fuktanlegg
  • innandørs fontene 

så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje. 

Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.

Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinklaranlegg og fontener) kan overføre bakterien. 

Kven kan få tenesta?

Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spreie legionella

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10. Sjå òg arbeidsmiljøloven § 4-1, folkehelseloven kap. 3 og plan- og bygningsloven § 29-6.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Melding kan du senda til Vik kommune på epost postmottak@vik.kommune.no, eller til postadresse:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Saksbehandling

Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak, men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.

Korleis kan du klage på tenesta?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 08:00 - 15:00
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker og dokument

Til toppen