Tuberkuloseundersøking

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking.

Meir om tenesta

Tuberkuloseundersøkinga består av ein tuberkulintest (hudprøve), røntgenfotografering av lungene og eventuelt ei blodprøve. Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose. Denne kan vere livstruande utan behandling. Undersøkinga utgjer ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og kjempe mot tuberkulose.

En person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.

Kven kan få tenesta?

Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:

  • Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd 
  • Flyktningar og asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med born, og som i løpet av dei seinaste tre åra har kome frå eller har opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd

Kva kostar det?

Tuberkuloseundersøkinga er gratis. Det gjeld òg transportutgifter.

Undersøkinga er ein del av dei smittevernplanane som kommunen er pålagd å ha.

Sjå meir informasjon her:

Slik søkjer du

Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. Hudprøve og oppfølging av denne kan skje seinare.

Ta kontakt med Vik legekontor: 57 69 87 00.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Vilkår for å få tenesta?

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.

Korleis kan du klage?

Du kan søkje om fritak frå tuberkuloseundersøkinga. Får du avslag, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Vedtak om isolering som er gjort av smittevernnemnda, kan overprøvast av tingretten.

Kontaktinformasjon

Vik legekontor
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 00
Telefon legevakt 116117
Telefon øyeblikkelig hjelp 113
Telefontid dagtid 08.00-12.00 og 12.30-14.00
Opningstid sommar, 1.5. - 15.9. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.00
Opningstid vinter, 16.9. - 30.4. Måndag - fredag, kl 08.00 - 15.45
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post Vik.Legekontor@vik.kommune.no

Aktuelle lenker

Til toppen