Psykiske helsetenester

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som kan bidra til å styrke evna di til å meistre livet. Hjå oss møter du helse- og sosialfagleg personell med vidareutdanning og erfaring innan psykisk helsearbeid.

Meir om tenesta

  • Samtalar i heimen,  i kontorlokala våre eller ved gåturar ute. Støtte, rettleiing og motivasjon kan være innhald i samtalane.
  • Kognitiv terapi ved angst og depresjon.
  • Oppfølging i krevjande livssituasjonar/kriser.
  • Oppfølging før, under og etter pakkeforløp i spesialisthelsetenesta.
  • Ved samansette problem kan tenesta hjelpe til med utarbeiding av individuell plan/ansvarsgruppe/personleg koordinator.
  • Utarbeiding av kriseplan. 
  • Støtte og hjelp i heimesituasjon.
  • Støtte og rettleiing til pårørande.
  • Medikamenthandtering.

Kven kan få tenesta?

Tenesta gir tilbod til vaksne over 18 år med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem, frå lettare til meir alvorleg grad. Du sjølv, pårørande eller andre faginstansar kan ta kontakt.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Avdeling for Psykisk helsearbeid held til i kjellarlokala på Vik bygde- og sjukeheim. Tenesta er open vekedagar mellom 08.00-15.30. Ta kontakt på telefon 909 90 116.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Vilkår for å få tenesta?

Du må bu i kommunen eller opphalde deg her, og ha eit behov som tenesta kan hjelpe deg med. 

Tilsette i tenesta har teieplikt.

Kontaktinformasjon

Psykiatrisk helse
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 90 99 01 16
Opningstid 08:00 - 15:30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker

Til toppen