Rustenesta

Rustenesta i Vik er lokalisert på Nav. Rustenesta er ein del av dei sosiale tenestene i Vik kommune. Målet er å gi bistand tilpassa den enkelte brukar sitt behov

Kven kan få tenesta?

Tenesta blir gitt til vaksne over 18 år.

Kva kan me tilby?

Rusarbeidet omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing til personar som har eit rusproblem, avhengigheit eller står i fare for å utvikle eit slikt problem. I tillegg til råd og rettleiing kan rustenesta bidra med å setja i verk hjelpetiltak som kan auke moglegheita for å kome seg vekk frå misbruket.

Rustenesta kan blant anna:

  • hjelpe deg å kartlegge rusproblemet
  • gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing
  • gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet
  • bidra til auka livskvalitet i kvardagen
  • delta i samarbeid med andre offentleg tenester
  • tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta, med oppfølging før,under og etter behandling
  • tilby støttekontakt

Kvar kan eg få meir informasjon?

NAV
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00 / 55 55 33 33
Telefon Ruskonsulent 97 41 73 85
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 93, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag og torsdag: 12:00 - 14:00
E-post nav.vik@nav.no

Er du pårørande?

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.

Aktuelle lenker og dokument

Lov om helse-og omsorgstenester §3-1 første ledd, § 3-2 første ledd nr.4-6

Lov om pasient- og brukarrettar § 2-1a

 

Til toppen