Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

Kulturmidlar / kulturstipend

Lag og foreninger kan søkje Vik kommune om kulturmidler / kulturstipend. Det kan søkjast om tilskot til drift, investeringer og arrangement.

Kulturmidlar:

  • Vik kommune kan gje tilskot til kulturtiltak innanfor kommunen
  • I den grad ein har avgrensa midlar til rådvelde, skal tilskotet gå til grupper, lag og organisasjonar som har born, unge og funksjonshemma som målgruppe
  • Alle kulturtiltak kan få stønad, men midlane kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg. Ein kan heller ikkje tildela kulturmidlar som skal dekka driftsutgifter for institusjonar med fast offentleg stønad
  • Ved fordeling av kulturmidlane vil Vik kommune leggja til grunn kulturpolitiske prioriteringar, j.m.fr kommuneplanen
  • Vik kommune vil gjennom kulturtiltak leggja spesielt tilrette for kulturtiltak til funksjonshemma
  • Fordeling av kulturmidlar skal stimulera arbeidet i friviljuge lag og organisasjonar og oppmuntra til positive tiltak innan gruppe og lagsarbeid
  • Større stønad til einskildtiltak gjeve etter lokale kulturpolitiske prioriteringar, inneber at einskilde søknader kan avvisast
  • Kommunen kan krevja at det vert lagt fram budsjett og rekneskap for tiltak det vert søkt til

Kulturstipend:

  • Stipendet skal øyremerkast einskildpersonar, born/ungdom frå Vik kommune i alderen 15 – 30 år som har eit spesielt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikla sin dugleik i ein sektor av eit vidt kulturomgrep
  • Same person kan få stipend i fleire år
  • Politikarane i Vik kommune vurderer om heile stipendet skal fordelast kvart år, om det skal delast på fleire eller kor stor sum søkjar/ane skal få. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stipendet, kan utvalet la vera å dela ut. Utvalet kan og sjølve fremja kandidatar til kulturstipendet

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Til toppen