Etablerarprøven for serveringsverksemd

Meir om tenesta

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har tatt imot melding om at du ønskjer å avleggje prøven.

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.
 

Kven kan få tenesta?

Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve
 

Kva kostar tenesta?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 her.


Brosjyrar, dokument, kart og liknande

Sjå spesielt serveringslova § 5 Krav om etablererprøve