Kommuneplan

Kommuneplanen er to-delt og har ein arealdel og ein samfunnsdel

Plandokument

Arealdel/samfunnsdel
Økonomiplan for åra 2022-2025
Kart med arealdelen

Arealdelen til kommuneplanen viser kva me skal bruke dei ulike areala i kommunen til. Planen samordnar viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gir retningsliner for utarbeiding av reguleringsplanar og konkrete utbyggingstiltak.

Arealdelen har eit plankart som viser kva ulike areal i kommunen er sett av til, som til dømes bustad, landbruk, næring, industri, grønstruktur og så vidare. Arealdelen har òg forskjellige tekstdokument knytt til seg slik som planomtale og føresegner.

Samfunnsdelen til kommuneplanen skal staka ut framtidige mål for ei heilskapeleg utvikling av kommunen, og seie noko om kva for strategiar ein legg til grunn for å nå måla. Samfunnsdelen er to-delt med ein langsiktig del og ein handlingsdel. I Vik kommune fungerer økonomiplanen som handlingsdel. (Handlingsdelen til samfunnsdelen er ikkje eit "eige dokument" ).

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja

Til toppen