Meir om konsesjon på eigedom
Søknader om konsesjon, eller eventuelt eigenerklæringar om konsesjonsfridom, skal alltid fyllast ut på papirskjema.
Les meir og søk om konsesjon hjå Landbruksdirektoratet
Pris for tenesta
Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 her.
Buplikt
Å ha buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen. Det kan vere buplikt på landbrukseigedomar og på andre eigedomar. Buplikta kan vera personleg eller upersonleg. Om det er buplikt på ein eigedom vert bestemt av:
- konsesjonslova direkte
- forskrift om nedsett konsesjonsgrense
- vedtak om konsesjon på eigedomen
Det er eit politisk mål å ha busetting over heile landet. Buplikta skal vere til hjelp for å sikre slik busetting. Brot på buplikta kan føre til at eigedomen vert tvangseld.
Ved overtaking av ein konsesjonseigendom (der fulldyrka+overflatedyrka areal er på meir enn 35 da eller har meir enn 500 da produktiv skog) er det eit krav om at kjøparen buset seg på eigedommen innan eit år og bur der sjølv i minst 5 år.
Dersom det er umogeleg å busetje seg på eigedomen sjølv, skal det søkjast om konsesjon på vanleg måte.
Landbrukseigedomen kan overtakast utan å søkje om konsesjon - dersom du forpliktar deg å bu på eigedomen i fem år.
Nei, Vik kommune har ikkje nullgrenseforskrift.
Nullgrenseforskrifta inneber at ein kommune kan få innført lokale reglar som betyr at det er konsesjon på alle eigedomar uansett storleik. Føremålet med ei slik ordning er å hindre at eigedomar med heilårsbustader blir brukt til fritidsbustader.
Ja. Kommunen gjer ei vurdering ut frå hensyn til busetting, ressursforvaltning og kulturlandskap.
Utifrå ein konsesjons-søknad kan desse vilkåra bli pålagde søkjar(-ane):
- vilkår om buplikt
- om buplikta skal vera ei personleg plikt
- kor lenge buplikta skal vare
Heimel
Forvaltningsloven
Konsesjonsloven
Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m.
Forskrift om konsesjonsfrihet mv.
Sjølvbetening