Adresser

Ei offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd.

Kommunen kan tildele eller endre ei adresse når:

  • ein skal endre tilkomstvegar
  • ein skal oppføre nye bygg
  • det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informere den registrerte eigaren eller registrerte festaren. Vedkomande og andre som blir påverka av avgjerda, skal få høve å uttale seg. Kommunen tildeler adresse så snart det er naudsynt, og seinast saman med igangsettingsløyvet for byggetiltaket.

Adresse og veg/gate

Adressa skal om mogeleg knytast til den vegen eller gata som eigedomen har godkjend tilkomst frå. Høvet til å få endre adressa er avgrensa. Det skjer normalt kun dersom kommunen har gjort ein feil eller eidedommen har fått tilkomst frå ein annan veg/gate enn det som har vore tidlegare.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer å endre i vedtaket og grunngje dette.

Kontakt pr brev:
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
 

Heimel

Matrikkelforskrifta
Forvaltningsloven
Stadnamnlova
Matrikkellova
Forskrift om stadnamn

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja

Til toppen