Kart

Seks av kommunane i Sogn regionråd har utvikla ein felles kartportal under namnet Sognekart. Brukaren får her tilgang til grunnkart, flyfoto, reguleringsplanar m.m.

Her kan ein søke fram adresser,stad eller eigedom i dei aktuelle kommunane;  Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal

Her er oversikt over kartinformasjon som du finn under nettsida "Sognekart" med tilgang til teiknforklaring :

  • Grunnkart (eigedomar, adresse, bygningar og tiltak)
  • Reguleringsplanar
  • Kommuneplan
  • Temakart
  • Flybilete (ortofoto)

Ein kan måle eller teikne i kart. Det er tilgang til ruteplanleggjar og terrengprofil. Ein kan dele kartutsnitt via facebook, twitter, e-post eller URL. Det er tilgjengeleg utskriftsfunksjonalitet i A4, A3 eller A2 format. I tillegg er det mogeleg med visning i 3D-kart.

I kartportalen har ein tilgang til planregister på web.

Det finst òg app for mobiltelefon med namn kommunekart.

Vel Sognekart på lenkja her: https://kommunekart.com/klient/sognekart/sognekart

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja

Til toppen