Trygg Trafikk

Tenk tryggleik og klypp hekken i samband med skulestart!

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Nå ber Trygg Trafikk folk stusse hekkane i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

 

Ein lovpålagt stuss

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klyppe hekkar og busker på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I desse dagar starter borna på skulen att, og vi ynskjer at flest mogeleg skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Borna må vere synlege langs vegane, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klyppe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

 

Berre ein halv meter

Når du står fire meter inn i avkøyrsla di, skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

– Det kan av mange oppfattast som svært lågt. Eg trur ikkje alle kjenner til denne regelen. Det er i alle fall mange hekkar som blokkerar sikta, seier Audun Heggestad.

Kontaktperson:
Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane, telefon 95 23 74 38  
e-post: heggestad@tryggtrafikk.no

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut