10. klasse i Vik

Til fylkesfinalen i Klassequizen

Me gratulerer 10. klassingane våre som har gått vidare til fylkesfinalen i Klassequizen. (Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK.)

Tre lag frå Sunnfjord og eitt lag frå Sogn er klare for finalen i Klassequizen.  Askvoll, Førde, Sande og Vik skal kjempe om plass i TV-sendt landsfinale for dei skarpaste 10. klassingane i landet. 

I alt 34 skular var med i de innleiande rundane av Klassequizen i Sogn og Fjordane. Høge poengsummar prega innsatsen, med eit snitt på over 8,7 av 12 poeng!  Til slutt var det 10. klassingane frå Askvoll skule (11 poeng), Sande skule (12 poeng), Førde ungdomsskule (11 poeng) og Flatbygd i skule i Vik (11 poeng) som stod att. 

Fylkesfinalen går av stabelen i Førde 16. april, og vil bli sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane si sending på Pl frå klokka 15.00-16.30. Finalen går også som direktesending på web-TV på nrk.no/sfj og direkte via YouTube og Facebook. 

"Vi gler oss masse til finalen, og vi er sikre på at vi kjem til å sende dei flinkaste av dei flinke 10. klassingane vidare til hovudstaden", seier prosjektleiar Geir Bjarte Hjetland. 

Landsfinalen blir sendt på NRK1 laurdag 14. mai med Seida Ekic som programleiar.

Tips ein ven  Skriv ut