Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
kulturminne

Tilskot til kulturminne og til fjerning av framande planteartar

Vik kommune vil med dette informere om to tilskotsordningar med frist 15. januar og 1. mars 2020.

Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2020

Det overordna målet med støtteordninga er å sikre regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nålevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Ordninga skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Eigarar av verneverdige kulturminne kan søkje om tilskot til kulturminne som oppfyller ein eller fleire av desse kriteria:

1. Prioritert i kommunal kulturminneplan - lenkje til kulturminneplanen finn du her. 

2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova (i reguleringsplan eller kommuneplanen)

3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi

Søknaden skal sendast til Vik kommune med ei kort skildring av tiltaket med finansiering- og framdriftsplan. Frist er 1.3.2020.

Kommunen sender søknadane i prioritert rekkefylgje til Vestland Fylkeskommune som handsamar dei.

Tildeling føreset minst 50% eigeandel eller anna finansiering av tiltaket. Ein har 2 år til gjennomføring.

Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner og utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Tilskot til tiltak mot framande artar

Framande, skadelege artar spreier seg i stadig større omfang frå avfallshaugar og hagar, og gjennom flytting av jord. Mange ønskjer å fjerne slike førekomstar, og det finst økonomiske støtteordningar for dette arbeidet.

Kravet til søkarane er at dei må ha organisasjonsnummer. Det betyr at dersom du er gardbrukar eller annan næringsdrivande, eller søkjer på vegne av eit lag eller ein organisasjon, kan du få dekt arbeidstimar og innkjøp av utstyr. Søknadsfristen er 15. januar.

Søknad om tilskot skal sendast direkte gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter, der du får rettleiing om kva som må stå i søknaden.

Lenkje til søknadssenteret og meir informasjon finn du her.

 

Kontakt i kommunen for meir informasjon:

Karen Weichert karen.weichert@vik.kommune.no, tel. 414 42 726

 

 

Tips ein ven  Skriv ut