Tiltak

Tilskot til miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og skogbruket (NMSK)

Søknadsfrist for SMIL-midlane er 1. april 2016. Søknader om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket kan sendast kommunen fortløpande.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
 
Formålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere ureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Døme på tiltak som ein kan få tilskot til er

  • rydding og inngjerding av gamal kulturmark til beite
  • slått av verdifulle område (av omsyn til biologisk mangfald) som ikkje eignar seg for dagens landbruksmaskiner
  • istandsetjing av verneverdige bygningar
  • skjøtsel eller istandsetjing av kulturminne (t.d. steingjerder)
  • istandsetjings- og restaureringsplanar
  • rydding av stiar

Søknadsfrist er 1. april 2016.

Ein søkjer ved bruk av skjemaet SLF-430. Søknaden sendast til kommunen. 

Du kan lesa meir og finna søknadsskjemaet her.

Har du spørsmål om søknaden, ta kontakt med Veronika Seim Bech rydding av beite og slåttemark) telefon 909 10 709, Veronika.Seim.Bech@vik.kommune.no, eller Karen Weichert (verneverdige bygningar, kulturminne og sti-rydding) telefon 905 34 102, karen.weichert@vik.kommune.no.

 

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Tilskotet skal stimulere til auka verdiskaping, berekraftig bruk av skogressursane og bevaring og utvikling av miljøverdiar i skog.

Døme på tiltak som ein kan få tilskot til er:

  • planting av gran eller furu (plantekjøp og planting)
  • stammekvisting og rydding av konkurrerande treslag (berre i furuskog)
  • bygging og ombygging av skogsvegar (statstilskot)
  • hogst i bratt terreng med taubane

Søknader om tilskot til skogsvegar og taubanedrift blir handsama av Fylkesmannen. Alle NMSK-søknader kan sendast fortløpande og til kommunen.

Du kan lesa meir og finna søknadsskjema her.

Har du spørsmål, ta kontakt med Karen Weichert på telefon 905 34 102 eller e-post karen.weichert@vik.kommune.no.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon