Tilskot til skogkultur

Kommunane har no fått rammeløyvingane for NMSK-midlane (Nærings- og miljøtiltak i skogbruket) for 2015.

Vik kommunen har i fyrste omgang fått tildelt 70.000 kr. Kommunen må rapportere forbruk og eventuell trong for nye midlar innan 1. august. Ubrukte midlar kan då bli omdisponert i fylket. 

Det er difor viktig at du søkjer om tilskot no, dersom du må plante etter hogst (gran) eller har planlagt skogkulturtiltak i furuskog. Det er også mogleg med haustplanting, men det er meir usikker med tanke på tilskot. Ta kontakt med skogbrukansvarleg Karen Weichert tel. 414 42 726 karen.weichert@vik.kommune.no for meir informasjon.

I fylgje forskrift om berekraftig skogbruk har skogeigaren plikt til å forynge etter hogst. Dersom forynging skal skje ved planting (gran) skal ho vere gjennomført innan 3 år etter hogst. I hogstfelt der ein må rekne med sterk konkurranse i form av lauvtre eller andre planter kan det vere lurt å plante året etter hogst.

Ein kan bruke skogfond i tillegg til NMSK-tilskotet til å finansiere tiltak.

NMSK-tilskota gjeld også andre tiltak, t.d. drift i vanskeleg terreng (taubane) og vegbygging. Les meir her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut