Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Gunnarsete

Tilskot til utsiktsrydding 2019

Det er no opna for å søkje om tilskot til utsiktsrydding i 2019.

Informasjon om ordninga og søknadsskjema finn ein på nettsida til Fylkesmannen ved å følgje lenka her.

Sogn og Fjordane har ca. 3 mill. kr til fordeling på denne tilskotsordninga i 2019. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert handsama fortløpande. Søknadar sendast til kommunen som gjev tilråding i samband med si oversending til Fylkesmannen som handsamar søknadane. Søknadane må vera innkomne til Fylkesmannen innan 1. oktober.

Ta kontakt med Vik kommune v/Karen Weichert (karen.weichert@vik.kommune.no) dersom du lurer på noko.

 

Tips ein ven  Skriv ut