kulturminne

Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2021

Det overordna målet med støtteordninga er å sikre regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nålevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. 

Ordninga skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

Eigarar av verneverdige kulturminne kan søkje om tilskot til kulturminne som oppfyller ein eller fleire av desse kriteria:

1. Prioritert i kommunal kulturminneplan - lenkje til kulturminneplanen 
2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova (i reguleringsplan eller kommuneplanen)
3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi

Søknaden skal sendast til Vik kommune med ei kort skildring av tiltaket med finansiering- og framdriftsplan. 

Postadresse:
Vik kommune 
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Vik kommune si e-postadresse: postmottak@vik.kommune.no

Frist: 1.3.2021.

Kommunen sender søknadane i prioritert rekkefylgje til Vestland Fylkeskommune som handsamar dei.Tildeling føreset minst 50% eigeandel eller anna finansiering av tiltaket. Ein har 2 år til gjennomføring.

Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner og utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Kontakt i kommunen for meir informasjon:

Karen Weichert karen.weichert@vik.kommune.no
Mobil: 414 42 726


 

Tips ein ven  Skriv ut