Tilskotsordningar
Kulturmidlar / kulturstipend
Føremål med tenesta
Stimulering av frivillig-arbeidande, både individuelt (stipend) og for lag/organisasjonar (kulturmidlar)
Kven får tenesta
Kulturmidlar kan delast ut til lag, organisasjonar, grupper som har born unge og funksjonshemma som målgruppe.
Kulturstipend: Målgruppa er personar som har eit særskilt talent, som syner god kvalitativ utvikling, og legg ned stor innsats for å utvikla seg i ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep.
Korleis få tenesta
Kulturmidlar: Skriftleg søknad, med vedlagte årsrekneskap og årsmelding frå føregåande år. Send også inn budsjett om laget har det.
Kulturstipend: Skriftleg melding til kommunen med forslag om person som fortener påskjøning for innsats.
Send søknad på eige skriv til:Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Kva omfattar tenesta
Kulturmidlar:
Årleg tildeler kommunen kulturmidlar etter søknad frå lokale frivillige lag og organisasjonar.Deretter vil formannskapet gjere vedtak om tildeling.
Kulturstipend: Politikarane vurderer om heile stipendet skal fordelast kvart år, eller om det skal delast på fleire, og kor stor sum vedkomande kan få
Kva kan eg forvente
Når kommunen har motteke søknaden, innan fristen, vil sakshandsamar kome med framlegg til fordeling av avsett budsjettpost.
Saka vert så politisk handsama i formannskapet, der vedtak vert gjort
Klage
Klage må sendast innan fristen på tre veker etter de har fått medling om vedtaket. Kommunestyret vil behandle klagen, etter at formannskapet har fått vurdere saka på nytt.