Inovasjon Norge

Tilskotsordningar

Kommunalt næringstilskot 
Vik kommue gjev rettleiing og tilskot til nye og etablerte bedrifter.

Dei nye retningslinjene vart vedtekne av kommunestyret 4. april 2019.

Midlane til tilskot kjem frå konsesjonsavgifts-inntekter og vert løyvd etter retlingslinjene for Tilskot til næringsføremål.

For søknadar til næringsavdelinga vil gjelde at ein skal nytte www.regionalforvaltning.no. Ta gjerne kontakt viss du treng rettleiing eller hjelp med søknaden.

Nærare opplysningar får de ved å venda Dykk til Vik kommune ved næringssjef Odd Rune Turvoll (odd.rune.turvoll@vik.kommune.no).

 

Bygdeutviklingsmidlar
Kommunen hjelper til med søknader som gjeld Bygdeutviklingsmidlar. Dette er midlar avsett over jordbruksavtalen for å fremja lønsam og bærekraftig næringsutvikling i og i tilknytning til landbruket.
Her er lenk til Fylkesmannen sin Strategi for landbruksrelatert nærings- og bygdeutvikling. Nærare opplysningar får de ved å venda Dykk til Vik kommune vedlandbrukssjef Veronika Seim Bech (veronika.seim.bech@vik.kommune.no).

På Innovasjon Norge sine nettsider er mykje nyttig informasjon for alle typar bedrifter. 



Vik kommune sitt kraftfond
Fondet skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Vik kommune. Fondet kan også nyttast til investering i kommunale fellestiltak som er med på å tilretteleggja for utvikling av næringsverksemd. Kommunen sitt tiltaksapparat retta mot næringsutvikling kan også finansierast frå fondet.

Det er utarbeidd eigne vedtekter for forvaltning av kraftfondet. Desse vedtektene er vedtekne i Vik kommunestyre og godkjende av Fylkesmannen.

Vedtekter Vik kommune sitt kraftfond
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar