Turid Haga

To flinke Vikja-damer vert inspirasjonsbønder for økologisk drift

Turid Haga Vange og Marianne Bøthun er 2 av 3 i fylket, og 30 i landet, som er plukka ut til å vera inspirasjonsbønder i det nasjonale prosjektet Landbrukets ØKOLØFT. Målet er å rekruttere fleire økologiske matprodusentar.

Marianne Bøthun
Marianne Bøthun

Turid Haga Vange driv Vange gard med 42 mjølkekyr og slakteoksar. I tillegg jobbar ho til dagleg som fagrådgjevar på fôring og mjølkerobot i TINE. Marianne Bøthun driv økologisk epleproduksjon på garden i Fresvik, og arbeider som rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane.

Du kan lesa meir hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar