Hjort slakting

To kurs om hjorteslakt i Vik 22. og 23. august  

Det vert feltkontrollørkurs og parteringskurs på Flatbygdi skule helga 22. - 23. august.

Vik kommune gir kr. 1000,- i tilskot til kursavgifta frå viltfondet til jaktrettshavarar i kommunen og deira born. Prisen pr. kurs vert då kr 1500,-

Norsk hjortesenter på Svanøy gir nye kr 1000,- i rabatt til dei som tek begge kursa.
 
Programmet finn de på hjortesenteret si nettside under fana «Aktiviteter».
 
Betalinga skjer ved påmelding. Du må ha påmeldingskode for å få rabattane. Den kan du få frå valdleiaren din eller Veronika Seim Bech, tlf. 909 10 709.
 
Dersom ikkje kursa vert fylt opp av jegerar frå kommunen vert det opna for andre, men då utan tilskot frå Viltfondet.

Tips ein ven  Skriv ut