PlankartTenaal

Tre tomter på Tenål klare for sal - alle er reservert

Dei første kommunale tomtene på Tenål er klare for sal. Alle tre tomtene er no reservert.

Ikkje alle tomtene i Tenål sør ligg i rasfarleg område. Området som gartneriet nyttar i dag ligg utanfor rasfare, og med god vegtilkomst. Her ligg det tre byggjemodne tomter. Det er  vedteke at gartneridrifta skal gå som normalt også sommar 2018. Vik kommune har kjøpt eigedomen og vil, etter at gartneridrifta er over 1. august 2018, klargjera området for tomtesal. Drivhusa må fjernast og deretter er det naudsynt med undersøkingar av massane i grunnen. Vik kommune håpar at desse tre tomtene er klare for utbyggjing seint 2018 eller tidleg 2019. 

Kommunen har no tildelt dei tre tomtene på gartnerieigedommen, sjølv om det vil vera nokre månader før kjøparane kan setja spaden i jorda. 

I kommunestyret 14.09.2017 (Saksnr 051/17) vart det vedteke at salspris for bustadtomtene blir sett til  kr 700 000. Prisen skal indeksregulerast kvart år med verknad frå 1.1. Tomtekjøparar under 35 år får ein ungdomsrabatt på kr 100 000. Prisen inkluderer tomt med vass-leiding, kloakkleidning, straum, trekkjerøyr for fiber og veg fram til tomtegrensa. Dokumentavgift (2,5% av kjøpesum), oppmålingsgebyr, tinglysingsgebyr samt tilkopling til vatn og kloakk kjem i tillegg til tomteprisen.

Alle tre tomtene er no reservert.

Vilkår

  • Betaling av kjøpesummen skal skje ved tildeling av skøyte.
  • Det vert stilt krav om byggjestart seinast eitt år etter tildeling av skøyte.

Dokument

Ønskjer du meir informasjon om tomtene på Tenål, ta kontakt med Geir Svendsen på e-post: geir.svendsen@vik.kommune.no eller telefon 918 49 773.

Tips ein ven  Skriv ut