høner

Trekkfuglane kjem – fare for fugleinfluensa

I desse dagar kjem trekkfuglane til Norge. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at trekkfuglane kan bera med seg smitte.

Mattilsynet vil difor intensivera overvakinga av villfugl for å oppdaga eventuell fugleinfluensasmitte til Noreg så tidleg som mogeleg.

Ein oppmodar folk som ferdast langs sjø, vatn og våtmarksområde til å melda frå til Mattilsynet ved funn av sjuke eller daude fuglar. I tillegg skal tamme fuglar haldast innandørs eller under tett tak. Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs) må du registrera fjørfehaldet ditt hjå Mattilsynet.

 

Les meir om portforbodet og registrering her 
Informasjon frå Mattilsynet

Tips ein ven  Skriv ut