Tenester A-Å
Tryggingsalarm
Generelt
Tenesteomtale
Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Tryggingsalarmen er knytt til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.
Målgruppe
Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.
Pris for tenesta
Omsorgstenester-pris
Brosjyrar, dokument, kart og liknande
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenestenHjelpetilbud i kommunen
Tryggingsalarm er ikkje ei lovpålagd teneste, men kan ytast dersom du treng hjelp som gir rett til tenesta etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-2.
Lover
ForvaltningslovenHelse- og omsorgstjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
Skjema
Omsorgstenester-søknadskjemaSakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27