Tun_ORT_0750 2

TUNNELEN

Kvifor står juletreet på Øyri endå og kvifor er ikkje julelyslenkjene tekne ned?

Representantar frå Nordic Film Production AS har vore i Vik i fleire omgangar dei siste månadane i samband med at dei førebur filminga av ‘TUNNELEN’. Filmen er i same sjangerelement som ‘Bølgen’ og ‘Skjelvet’. Temaet i filmen er basert på at det har vore fleire tunnelbrannar i Noreg dei siste åra, og vi ventar berre på at ei katastrofe skal skje. I filmen skjer dette i juletida og difor er ikkje juletreet og lyslenkjene tekne ned. Opptaka til filmen skal skje i Vik og mange andre stader. Heile handlinga i filmen blir likevel framstilt som at alt skjer i Vik og omegn. Stadnamnet Vik kjem til å bli brukt og vi får her ein unik mogelegheit til å vise alt det flotte vi har å tilby.

Filminga i vårt område er planlagt til perioden 21. februar – 5. mars. Filmselskapet, kommunen og fleire andre samarbeider allereie for å førebu filminga. Om ikkje lenge vil ein igjen oppleve julestemning i sentrumsgatene i Vik med lysande julegran og lys i gatene! Er det nokon som drøymer om å gå til filmen? Dei treng skodespelarar, amatørar og statistar i alle aldrar, fargar og former. Klikk denne linken for å melde di interesse!

Nokre hus treng å bli pynta til jul att for perioden dei skal filme. Desse huseigarane vil bli kontakta om nokre dagar. Filmen vil bli omtalt i både sosiale media og lokale og nasjonale media. Premieren er planlagt til desember 2019. Så, la oss saman med filmselskapet skape dei beste føresetnadane for ein god film og dermed ein god marknadsføring av Vik!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut