TV aksjonen 2018-Mindre alene sammen

TV-aksjonen 2018

Tv-aksjonen vert i år den 21.oktober, og innsamla midlar skal gå til Kirkens Bymisjon og deira arbeid for mellom anna å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.


 

Kirkens bymisjon sitt arbeid er basert på kristne og humanistiske verdiar, men organisatorisk er dei ikkje oppbygde som eit livssynsfellesskap. Tilsette,frivillige, brukarar og gjester kjem frå mange bakgrunnar med ulik tru og livssyn; til tross for at forankring til kyrkja og den diakonale tradisjonen er sterkt i arbeidet.

Sidan 1855 har Kirkens bymisjon arbeidd for å gi menneske ein betre og meir rettferdig kvardag. I Norge i dag er altfor mange som står "utanfor". Det å kunne tilby menneske som opplever å stå utanfor eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale, og på denne måten bidra til at fleire får mulegheit til å oppnå eigne mål og draumar.  Tv-aksjonen i år vil gi fleire menneske eit sårt trengt og livsviktig fellesskap.

Vik kommune tek del og organiseringa vert som tidlegare år.
Ordføraren er leiar av kommunekomiteen og tenestetorget får ansvar for det praktiske arbeidet med innsamlinga.

Bøsseberarane går ut til husstandane i Vik kommune frå ca kl 16.00 denne søndagen; ta vel i mot dei!

Vil du bli bøsseberar kan du melda deg via nettet på nettsida:Blimed.no
Annan informasjon om Kirkens bymisjon

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut