UKM logo liten

UKM (Ung kultur møtes)

5.Mars i Vikjahalli vert det oppført UKM (Ung Kultur Møtes) som før hadde namnet Ungdommens kulturmønstring. Kulturskulerektor var før jul rundt på skulane i kommunane for å snakke med elevane frå 13-års aldersen og opp (grensa er 20 år) om å delta med noko dei vil visa fram.

På UKM kan ein delta med ALT! Dersom ein er nyfiken kan ein gå inn på nettsida til UKM.no og finna fram til si lokale mønstring i Vik. Scenekunst, visuell kunst og kreativ skriving er hovudsjangrane. På nettsida kan ein sjå på kategoriar og melde seg på. Oppmodar alle i kommunen til å vera frampå med å få ungdomen med å melde seg på. Til fleirepåmeldingar me har, til meir staseleg vert denne ettermiddagen i Vikjahalli der ein kan dela kunstutrykk med kvarandre. Nokon heldige vil verta plukka ut til fylkesmønstringa som er i Førde 2. og 3.April. Derifrå går dei vidare utplukka til landsmønstringa i Trondheim. Kvelden i Vikjahalli vert etterfulgt av disko for 1-6 klasse og seinare 7.klasse til 18 år. Me vonar dette kan verta starten på ein god UKM tradisjon som kan fungere som målsetjing for kreativ skapande ungdom.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut