Simlenes

Utgreiing av moglege skule- og barnehagestrukturar i Vik til offentleg høyring.

Vik kommune har, i samband med utgreiings-prosjektet, kjøpt prosessbistand frå Norconsult AS. Utgreiingsarbeidet er no avslutta, og rapporten vert med dette lagt ut på offentleg høyring.

Bakgrunn

Vik kommunetyre vedtok 18.12.2014 kommunedelplan skule gjeldande for perioden 2015-2026. Kommunedelplan for grunnskule skal ha eit langsiktig perspektiv og skal mellom anna medverka til:

  • å sikra eit utviklande, likeverdig og godt skuletilbod til alle elevane i kommunen
  • å sikra eit godt arbeidsmiljø for alle elevar og tilsette
  • å sikra ein stabil skulestruktur over tid
  • å sikra at elevane har ei akseptabel reisetid til og frå skulen
  • å sikra funksjonelle og kostnadseffektive skuleanlegg
  • å sikra nok skuleareal, både ute og inne
  • å sikra at skuleareala er godkjende etter gjeldande lov- og regelverk

 

Utgreiinga av moglege skule- og barnehagestrukturar er tufta på føringane i kommunedelplanen for grunnskulen over, og fokuserer på å konsekvensutgreie ulike alternativ. 

Vurderinga av skule- og barnehagestrukturen i Vik kommune skal gje kommunen fagleg grunnlag for å vedta langsiktige og heilskaplege strukturløysingar tilpassa den økonomiske stoda i Vik kommune. Rapporten skal vera eit av kommunen sine verktøy for å sikra best mogeleg oppvekstmiljø for barn og unge i kommunen. Den skal vera eit strategidokument som skal danna grunnlag for avgjerder knytt til vedlikehald av bygningsmassen og tilpassing til moderne skuledrift i høve elevtalsutviklinga. Dokumentet er tenkt rullert årleg i samband med arbeidet med økonomiplanen, og revidert ved behov, ca. kvart 4. år. Dokumentet skal danna grunnlag for prioriteringar i økonomiplanen.

Målet med utgreiingsarbeidet har vore:

  • å sikra samsvar mellom førskuleborn og barnehageplassar - og elevtalsutvikling (behov) og tilgjengeleg skulekapasitet (skuleplassar)
  • sikra best mogleg økonomisk berekraft i skule- og barnehagesektoren tilpassa den økonomiske røynda i kommunen
  • å sikra best mogeleg kvalitet på skule- og barnehagebygga, samt sikre ein optimal bruk av dei rammene kommunen til ei kvar tid rår over
  • å koma fram til ein skulestruktur som er tilpassa føresetnader som ligg i overordna plangrunnlag
  • sikra eit godt arbeidsmiljø for tilsette, born og elevar
  • gje råd om fysiske og pedagogiske arealrammer med kostnadskalkyler

 

Kort om vidare saksgang

I denne omgang gjeld høyringa framlagt utgreiing av moglege skule- og barnehagestrukturar i kommunen.

Rådmannen har bede Norconsult om å koma med si tilråding til langsiktig strukturløysing for framtidig organisering  av barnehage og grunnskuletenestene i Vik kommune. Norconsult si tilråding framgår av pkt. 9 i rapporten. Rådmannen vil gje si tilråding om framtidig skulestruktur etter at høyringsfristen er ute. Rådmannen si tilråding vil bli handsama politisk og avgjort i kommunestyret, truleg i møte i januar/februar 2017. 

Ved eventuelt politisk vedtak om endringar i skulestrukturen, vil endring av forskrift for opptaktsområde for skulane i Vik seinare bli behandla som eiga sak. Det vil i tilfelle bil gjennomført ny offentleg høyring før politisk behandling av forskriftsendringa.

Sannsynlege konsekvensar for forskrift for opptaksområde for skulane i Vik kommune, vil variera noko ut frå kva konsept som eventuelt vert vedteke:

Konsept 0:
Ingen konsekvensar for forskrifta for opptaksområde.

Konsept 1:
Forskrifta kan takast vekk.

Konsept 2a -3C:
Forskrifta for opptaksområde for skulane i Vik må endrast i høve reglane i opplæringslova § 8-1.

For detaljar om dei utgreidde alternativa/konsepta, viser me til utgreiinga.

 

Høyringsinstansar

Utgreiinga av moglege skule- og barnehagestrukturar i Vik blir, i tillegg til at den vert lagt til offentleg ettersyn, sendt direkte til følgjande instansar for uttale:

  • Utdanningsforbundet v/hovudtillitsvalt i Vik kommune
  • Delta v/hovudtillitsvalt i Vik kommune
  • Fagforbundet v/hovudtillitsvalt i Vik kommune
  • Fagorganisasjonen v/hovudtillitsvalt i Vik kommune
  • Samarbeidsutvala ved skulane/barnehagane
  • Ungdomsrådet i Vik kommune
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Fresvik bygdelag
  • Feios bygdelag
  • Vangsnes bygdelag
  • Arnafjord bygdelag

Rådmann vil invitera Samarbeidsutvala til eigne møte om høyringa i løpet av høyringsperioden.

 

Dokument

 

Merknader

Høyringsfristen er sett til 9.12.2016. Eventuelle merknader kan sendast via skjemaet nedanfor eller på e-post til postmottak@vik.kommune.no. Merknader kan også sendast i posten til:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i sogn

 

Kontaktperson

Rådmann Oddbjørn Ese

 

 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut