Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Innlevering

Utlån og innlevering av bøker på biblioteka

Har du mange bøker liggjande heime? Me har hatt restriksjonar på innlevering av bøker, men no kan du også levere tilbake bøker du har lånt. Me hentar og/eller leverer framleis ved inngangen til biblioteka. Les tidspunkt for hovudbiblioteket og filialane under. 

Me gjer oppmerksam på at innleverte bøker vert liggande i «karantene» i 7 dagar, så det kan ta litt tid før bøkene forsvinn frå lånekontoen din.

Utlån av bøker er eit tilbod først og fremst til dei som ikkje har høve til å nytte det digitale tilbodet (klikk for info om digitale tilbod), men er tilgjengeleg for alle.

Det er ikkje mogleg å fjernlåne bøker i denne perioden sidan fjernlånet mellom biblioteka er stengt. Det er altså berre bøker som er fysisk inne på biblioteka per i dag du kan bestille. 

Hovudbiblioteket (Flatbygdi skule)

Måndag: kl. 12.00-15.00
Tysdag: kl. 18.00-20.00 
Onsdag: kl. 12.00-15.00
Torsdag: kl. 18.00-20.00
Fredag: kl. 09.00-14.00

kan du hente eller levere tilbake lånebøker ved inngangen til vinterhagen på Flatbygdi skule. Bøkene du vil låne må reserverast på sms til biblioteket på tlf.: 924 52 063. Gå til søketenesta ved å klikke her.

Feios bibliotek
Du kan hente eller levere tilbake lånebøker etter avtale med Ann Kristin Feidje på tlf.: 993 46 897. Bøkene må reserverast på sms. Søk i Feios bibliotek sin database her.

Fresvik bibliotek
Du kan hente eller levere tilbake lånebøker etter avtale med Hege Strømme på tlf.: 470 41 862. Bøkene kan reserverast på sms. Søk i Fresvik bibliotek sin database her.

Vangsnes bibliotek
Du kan hente eller levere tilbake lånebøker etter avtale med Mona Svendsen på tlf.: 924 52 063. Bøkene må reserverast på sms. Søk i Vangsnes bibliotek sin database her.

Om lånetilbodet
Lånetilbodet er sett i gang i samråd kommuneoverlegen. Me vil ta omsyn til smittevern, og ha god handhygiene når me handterer bøkene. 

Ordninga føreset at me ikkje får ein situasjon der me ikkje kan bemanne tenesta. 

Les ei god bok og ta vare på kvarandre!

Tips ein ven  Skriv ut