snøscooter

Utlysing av leigekøyringsløyve for snøskuter i Vik kommune

Snøskutertransport i Vik kommune etter §§ 5 og 6 i den nasjonale forskrifta for motorferdsel i utmark kan kanaliserast gjennom ervervsmessig transport/leigekøyring.

For å oppnå tilfredstillande fleksibilitet på denne tenesta er det mogeleg å tildele tre til fire ervervsmessige løyve i kommunen, og leigekøyringsløyver i kommunen vert med dette utlyst.

Ved tildeling skal rimeleg geografisk fordeling ivektleggjast. Søkjarar som allereie har snøskuter t.d i næringsverksemd eller som har røynsle frå regelmessig køyring i samband med oppsyn, redningsteneste og liknande bør prioriterast.

Tildeling av leigekøyringsløyve skal gjelda for tre år om gongen. Søknadsfrist for løyve er 1.september. For kontrolltilsyn skal det førast logg over all leigekøyring. Logg skal leverast til kommunen innan 1.juni kvart år.

Søknad skal innehalda fylgjande opplysningar:

  • Namn på søkjar, adresse og telefon
  • Type og registreringsnummer på køyretøy
  • Føremål med transport/køyringa 
  • Dato/tidsrom for køyringa
  • Kva område/strekning transporten gjeld
  • Kart med innteikna køyrerute

Kommunen kan setja vilkår for køyringa t.d. at det under leigekøyring vert nytta slede på oppdraga.

Landskapsvernområda Stølsheimen og Nærøyfjorden har eigne verneforskrifter som ma. gjeld motorferdsel i utmark. Det kan ikkje søkjast om leigekøyring i desse områda.

 

Tips ein ven  Skriv ut