teikningar frå barnehagen

Utlysing av plassar i barnehage/skulefritidsordning 2019/2020

Vik kommune lyser med dette ut plassar i barnehagane og skulefritidsordninga for 2019/ 2020. Søknad skjer gjennom bruk av elektroniske søknadsskjema som ligg på kommunen si heimeside.

Søknad til barnehage:

Vik kommune har tilbod om 50% og 100% plass. Born som har plass i dag, treng kun å søkje dersom det er ynskjeleg med endring av opphaldstid. Søknadsfrist: 01. mars 2019.

Søknad til SFO:

Dersom ein ynskjer SFO-plass må ein årleg sende inn søknad, då plassen vert tildelt for eitt år om gongen. Søknadsfrist: 01. april 2019.

For meir informasjon sjå gjeldande vedtekter for barnehage og SFO.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut