UtsiktDTH

Utskriven eigedomsskatt - offentleg ettersyn

Liste over utskriven eigedomsskatt for Vik kommune 2021 er utlagt til offentleg ettersyn på Kommunehuset i 3 veker frå fredag 26. februar 2021.

For skatteåret 2021 har Vik kommunestyre i KS-sak 106/20 fastsett skattesatsen for bustad- og fritidseigedomar til kr. 4,- pr. 1000 (4 ‰) av takstgrunnlaget. For alle andre eigedomar er skattesatsen sett til kr. 7,- pr. 1000 (7 ‰) av takstgrunnlaget.  I samsvar med sentrale retningslinjer er det nytta skattenivå 70 % for bustad- og fritidseigedomar, og skattenivå 100 % for alle andre eigedomar.
 
Retningsliner og vedtekter for eigedomsskatt i Vik kommune finn du her.

Eigedomsskatten vert fakturert i 4 terminar med forfall i mars, mai, august og november.
 
Det er klagerett på taksten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker (12.april 2021).

Spørsmål kan rettast eigedomsskattekontoret:

Telefon: 57 69 82 00
E-post: postmottak@vik.kommune.no


Posadresse:    

Vik kommune
Eigedomsskattekontoret 
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Tips ein ven  Skriv ut