Flyer Vangsnes 2

Utviding av breibandstilbodet på Vangsnes

Sognenett og Vik kommune skal saman utvida fibersatsinga på Vangsnes. I høve dette vert alle innanfor dekningsområdet invitert til eit informasjonsmøte måndag 11. april kl. 19:00 på Vangsnes skule.

Sognenett kjem til å informera om framdriftsplan og tenestene som vert tilbydd, samt kampanjetilbod på utvalde abonnement. Dei som ynskjer å bli med på satsinga kan signera avtale direkte med Sognenett på informasjonsmøtet.

For meir informasjon, ta kontakt med Sognenett på tlf. 9519 2222 (kvardagar kl.08:00-16:00) eller send ein e-post til sal@sognenett.no. Sjå også www.sognenett.no/status-utbygging for oppdatert informasjon. 

Du kan også lasta ned informasjonsbrosjyre i PDF her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut