sprøyte

Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Vik kommunestyre har vedteke at kommunen skal dekke kostnader for vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse for alle 18 åringar i kommunen.

Elevar på vidaregåande skule får informasjon og tilbod om denne vaksinen av skulehelsetenesta på skulen sin i januar, eller februar 2.skuleåret.

Elevar frå Vik som tek vaksina vil få dekka utgifter til vaksinen ved å få utstedt vaksinasjonskort, signert og stempla kvittering frå vaksinatøren. Denne dokumentasjonen må dei så levera/senda til Vik kommune saman med kontonummeret som pengane skal overførast til.

Meir informasjon om vaksina finn de på www.fhi.no eller Vik kommune si heimeside.

Bakgrunn for ordninga kan du lesa her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut