Vangsnes skule

Vangsnes skule er bygd i 1988. Skulen ligg plassert i fine naturomgjevnader på Vangsnes, ca 9 km frå Vik sentrum. Tråna byggefelt er òg like ved skulen.

I skulebygget er det barnehage og elevar frå 1-4 klasse.

Frå 5.klasse går dei vidare til mellomtrinnet ved Flatbygdi skule. Rektor er ansvarleg for skule, barnehage og SFO. Alle klassar har 23 v/t. 1. og 2. er ei klasse, og 3. og 4. utgjer ei klasse.

Skulefritidsordninga

Opningstidene til SFO på Vangsnes er mandag, tysdag, torsdag og fredag frå 07:20 til 08:30 og frå kl 14:00 til 16.20. Skuleåret 2017/2018  har SFO for Vangsnes-elevar hatt tilbod ved SFO på Flatbygdi skule på onsdagar.  Dersom det er mange nok som ønskjer SFO i haust-, jule-, vinter- og påskeferiane, vil det bli gjeve tilbod om dette (min. 4 barn).

Vangsnes skule har eiga nettside på vangsnes.skule.no

Tips ein ven  Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon