Kartutsnitt planavgrensing Feios ved skulen og kyrkja

Varsel om oppstart av planarbeid i Feios

Vik kommune varslar, i samsvar med vedtak i formannskapet (saksnr 019/18), med dette oppstart av detaljregulering  for to område i Feios.

Bustadområde Fedjane vest og Feios skule m.m. Vedteken arealdel i kommuneplanen av 2014 vert lagt til grunn for planarbeidet.

Planområde Fedjane vest er om lag 52 daa. Arealbruk no er landbruk, bustader og kyrkje med kyrkjegard. Mål med planen er å leggja til rette for nye bustadtomter, betre tilkomst og parkering for Feios kyrkje, samt gangvegsamband mellom eksisterande bustadfelt Rinde 2 og nytt tomteområde. 

Planområde Feios skule m.m. er om lag 37 daa landareal og omfattar eksisterande Feios skule, kyrkjegard og nokre fritidsbustadtomter i Rinde hyttefelt, samt landbruksareal og naturområde under gbnr. 159/5 vest for skulen mellom fylkesvegen og sjøen. Ein freda gravhaug inngår i planområde. Mål med planen er å styrka Feios skule og barnehage som viktig møteplass og aktivitetssenter ved å sikra skulen naudsynt areal for utbygging og større område for uteleik og friluftsliv i nærområdet. Planarbeidet skal også undersøke moglegheit for å kopla nytt gangsamband i strandsona saman med eksisterande veg i Rinde hyttefelt. 

Planområdet er vist på kartutsnitt (pdf)

Arealbruk i vedteken kommuneplan vert lagt til grunn for planarbeidet (pdf)

Innspel til planen kan sendast til Vik kommune, Pb 134, 6891 Vik i Sogn, eventuelt på e-post til postmottak@vik.kommune.no innan 24.08.2018.

Du kan også senda inn svar til oss med å nytta skjemaet nedanfor.




Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut