Planavgrensing Skjelingen nord

Varsel om oppstart av privat detaljreguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan Skjelingen nord, Vik kommune.
 

Planområdet ligg på Vikafjellet ved Skjelingavatnet og er vist på kartutsnitt. Planavgrensinga følger i hovudsak grensa til arealformålet i kommuneplanen sin arealdel. Planområdet er i underkant av 340 daa.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for fortetting av eksisterande hyttefelt. Ein ønskjer å legge til rette for 5 nye hyttetomter i tråd med kommuneplanen sin arealdel.   

Lenkje til: 
• Planinitiativ hyttefelt Skjelingen nord
• Referat frå oppstartsmøte
• Dispensasjonsplan 1976 plankart
• Dispensasjonsplan 1976 føresegner
Arealdelen til kommuneplanen 

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar. 

Asplan Viak AS gjennomfører planarbeidet på vegne av grunneigar Olav Arnar Bø. Grunneigarar og naboar vert varsla direkte med brev. Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast skriftleg eller elektronisk til Asplan Viak AS v/Lene Lindhardt Hammer innan 25. oktober 2021

Alle mottekne merknader vert sendt til kommunen saman med planframlegget. 

Asplan Viak AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger

Tlf:  464 18 813, e-post: lene.hammer@asplanviak.no                       

Tips ein ven  Skriv ut