kartutsnitt Øen marki

Varsel om oppstart av reguleringsplan for Øenmarki

Oppstart av reguleringsplan for området Øenmarki i Vik er kunngjort i Sogn Avis  med fylgjande annonsetekst:

«Reguleringsplan for Øenmarki i Vik.  
Vik Kommune varslar oppstart av detaljreguleringsplan for området Øenmarki i Vik , samsvar med Plan- og bygningslova §§12-3 og 12-8. Planområdet  på omlag 6 daa ligg på austsida av RV13 i sørleg del av Vik sentrum, og er utan eksisterande bygningar. Noverande arealbruk er offentleg veg og landbruk.
Planen skal leggja  til rette for konsentrert bustadbygging, i samsvar med kommuneplanen. 
Partar i planområdet vert varsla med brev.
 

Utfyllande informasjon.
I kommuneplanen vedteken 2014  er Øenmarki vist som område for konsentrert bustadbygging, med krav om min. 2,5 bustader/daa brutto tomteareal. 
Planarbeidet  fell ikkje inn under forskrift om konsekvensutredninger, og utløyser ikkje krav til planprogram, etter Vik Kommune si vurdering.
Det er utført arkeologisk undersøking i området og arealet er frigjeve for byggeformål.
Vik Kommune varslar oppstart av planarbeidet, men utarbeiding av planforslag kan verta gjennomført som privat reguleringsplan etter Pbl.§ 12-3.

Planprosess
På grunnlag av kommuneplan og innspel til planarbeidet vert det laga eit planforslag, som vert lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring i min.6 veker .  
Planforslaget  kan då fremjast for vedtak i kommunestyret.
Dersom kommunestyret gjer vesentlege endringar i høve til høyringsforslaget, må revidert plan på ny høyring. 
Planen gjeld frå dato for endeleg vedtak i kommunestyret. 
Vedtaket kan påklagast av partar med rettsleg klageinteresse.

Kartutsnitt med planområde markert med svart stipla linje

Merknader til  oppstartvarsel og evt. innspel til planarbeidet må vera innkomne til:  

Vik Kommune
postboks 134
6891 Vik i Sogn eller den

kan sendast på E-post: Postmottak@vik.kommune.no

Eit alternativ er å bruke innsendingsformularet nedanfor. Innspelet går då rett til kommunen sitt postmottak.

Frist: 20.3.2016




Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut