Elv

Varslings-rutinar ved uhell med silosaft eller gylle nær vassdrag

Politiet skal varslast på telefon 02800 ved alle uhell som kan føre til alvorleg ureining. 

Hopra og Vikja

Er det komme større mengder gylle eller silosaft i Hopra eller Vikja, eller dersom det er akutt fare for dette, må ein i tillegg varsla kommunen si tekniske vakt snarast råd på telefon 415 94 443. Teknisk vakt vurderer situasjonen, og varslar eventuelt Statkraft, som kan auke vassutsleppet i elvane for å prøva å minimera skaden på økosystemet.

 

Ureining av vassdrag gjennom landbruk


I 2007 kom den norske Vannforskriften (Forskrift om rammer for vannforvaltningen).  Hovudmålet er å sikre vern og berekraftig bruk av vatnet sine økosystem. I 2015 blei det vedteken ein Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021. Det skal definerast miljømål for kvar vassførekomst i regionen, og det skal gjennomførast tiltak for å nå miljømåla.

Ein vassførekomst er definert som avgrensa og tydeleg mengde overflatevatn eller grunnvatn, t. d. innsjø, magasin, elv, bekk, kanal, fjord eller ei kyststrekning.

Uheldige påverknader på vassførekomster kan delast inn i

  • Fysiske påverknader
    Vasskraftregulering, endring av elveløp, uttak av drikkevatn, vandringshinder for fisk, hamner og moloar
  • Biologiske påverknader
    Rømt oppdrettsfik, lakselus og andre sjukdomar, frammande arter
  • Ureining
    Avløp (næringsstoff), landbruk (næringsstoff), miljøgifter, sur nedbør, anna ureining

Kommunen er ansvarleg styresmakt for nokre av  påverknadane, inkludert næringsstofftilførsel frå landbruket. Kommunen har i tillegg ei tilsynsplikt t.d. når det gjeld lagring av gjødsel og anna organisk material.

 

Verknaden av for mykje næringsstofftilførsel i elvane


Ved lekkasjer i gjødsellager eller som resultat av komposteringsprosessar i deponi av organisk material (t.d. rundballar, forrestar, hageavfall) kan det renne svært nærstoffrikt sigevatn i elvane. Uheldige konsekvensar kan vere auka algevekst, oksygenmangel og produksjon av ammoniak og svovelhydrogen, to gassar som er svært giftige for fisk og andre organismar. I regulerte vassdrag med lite vassføring, slik som t.d. Hopra, kan problemet fort bli alvorleg. Det vil også kunne medføre dårleg lukt.

 

Tiltak

Moglege tiltak for å redusere næringsstofftilførselen frå landbruket  i elvane gjeld t.d.:

  • Gjødselhandtering (spreie gjødsel  på rett måte og tidspunkt)
  • Gjødsellager (tette lekasjer)
  • Deponi av organisk materiale (fjerne eller slutte med deponering nær vassdrag)
  • Ugjødsla randsoner (opprette ein belte med vegetasjon langs elvene som ikkje blir gjødsla)
  • Vegetasjonssoner (etablere beltar med heilårsvegetasjon mellom jordbruksareal og elvene)

 

Lovverk:

 

Andre lenkjer:

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar