Vassbrot ved Bødalen vassverk

Vik kommune har i dag hatt lekkasje/ledningsbrot ved Bødalen vassverk. Nokre abonnentar på Hønsi, Tryti og nedst i Bø har vore utan vatn. Alle abonnentar skal no ha fått att vatnet. 

Som følgje av brotet kan det vera litt farge på vatnet utover kvelden. I morgon føremiddag vil me føreta spyling i deler av lednings-traséen, og vatnet kan dermed verta avstengt i korte periodar.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut