Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...

Vatn og avløp

Driftsavdelinga i Vik kommune utfører alle tenester knytt til forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vatn og avløpsnettet.

Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannsforskriften som stiller krav til vassforsyning og vasskvalitet.

Avløpstransport og avløpsreinsing er underlagt Forurensingsforskriften som stiller krav til handtering og rensing av avløpsvatn.

Vatnet til Vik Vassverk kjem frå utløpstunnellen til Refsdal kraftverk. Vatnet til Bødalen vassverk kjem frå Skadvatnet og Hopra (med inntak i Smørekrene).

Vatnet til Vangsnes Vassverk kjem frå Langavatnet og Husetjønn til høgdebassenget Høgretjønn.

Vasskvaliteten til samtlege vassverk er god.

Vakttelefon teknisk vakt 415 94 443

Utslepp
Før det blir lagt inn vatn skal det vera gitt utsleppsløyve, alternativt sanitærabonnement der det er offentleg vatn og avløpsnett.

Kommunale avgifter
Har du spørsmål om kommunale avgifter kan du ta kontakt med
kommunekassen v/forkontor

Tips ein ven  Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar