Adresseprosjektet

Vegadresser

Frå departementet er det kome tilråding om intensivering av arbeidet med å få på plass offisielle adresser i form av vegadresser. 

Skilt
Nummerskilt
Skilt
Nummerskilt
Nummer4
Nummerskilt

Bruksområdet for offisielle adresser er:

  • Alle offentlege etatar som hentar data frå matrikkelen skal nytta vegadresse som offisiell adresse i all sakshandsaming.
  • Responstida for utrykkingskøyretøy vert redusert grunna eit godt og einsarta adressesystem.
  • Samfunnsøkonomisk innsparing som fylgje av raskare utrykking og meir presis levering av varer og tenester.
  • Posten, Skatteetaten, Folkeregisteret og andre offentlege etatar skal nytta offisielle veg- adresser i sine register.

Den siste tida har Vik kommune sett inn ekstra ressursar for å sluttføra den delen av adresseprosjektet som har med tildeling av vegadresser å gjera. Med prosjektleiar Espen Skjerven Holen i spissen og med svært god hjelp av Britt Fosse, Arvid Brudevoll og ikkje minst Darek Hauderowicz, har ein no på imponerande kort tid fått fullført den delen av arbeidet som gjeld tildeling av vegadresser.

Dei fleste bustadane, fritidsbustadane og næringsbygga i kommunen har no fått tildelt vegadresser. I alt er det over 1800 vegadresser i kommunen.

Dersom du har ein bustad eller fritidsbustad som ligg til ein av adresseparsellane, men som ikkje har fått ny adresse, må du ta kontakt med oss i kommunen. Det er framleis nokre parsellar/område som ikkje har fått tildelt adresse då Kartverket gjennomfører namnesak. Dette gjeld 2150 «Alrek», 4100 «Indre Borlaug», 5030 «Breilid» og 5070 «Grundeland».

Bygningar som garasjar, landbruksbygg, naust og stølshus har ikkje fått tildelt vegadresser. Det same gjeld fritidsbustader som ikkje er knytta til ein heilårs køyreveg. Desse bør skaffa seg ein nødplakat. Dette kan ein få hjelp til hjå oss i kommunen, eller skriva ut sjølv på nettstaden kartverket.no/kart/nodplakat

Neste fase i prosjektet er oppsetjing av vegnamneskilt og husnummerskilt. Arbeidet med oppsetjing av skilt med vegnamn og tilvisingsskilt vert utført av Protector skilt AS på oppdrag for Vik kommune. Arbeidet skal utførast i 2017.

Eigar av bygning som har fått tildelt vegadresse må sjølv skaffa seg og setja opp nummerskilt på bygningen. Me vil presisera at det finst gode lokale alternativ for å skaffa seg nummerskilt. Bruk gjerne desse.

Storleik og utsjånad på skiltet er styrt gjennom forskrift. Skiltet skal ha svart kantbord og vera 15 cm høgt. Tala skal vera svarte og 10,5 cm høge. Bakgrunnen skal vera kvitaktig med reflekterande overflate. Det er Vik kommune sitt ansvar å setja opp tilvisingsskilt der det er nødvendig.

For eksisterande bygg/eigedomar som no har fått tildelt adressenummer i vegadressa skal nummerskilt vera sett opp innan 6 månader etter at adressetildelinga er godkjent. For ettertida må nummerskilt vera plassert på nye bygg før dei vert tekne i bruk. Dette går fram av den lokale forskrifta som regulerer arbeidet med namnsetjing og adressering.

Har du spørsmål til noko, eller ynskjer å få tilsendt adresseforskrifta som gjeld for Vik kommune, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Oddbjørn Ese
-rådmann-

Tips ein ven  Skriv ut