Velferdssenteret

Velkommen til seniortreff

Saman med Helselag og Lions ønske Vik kommune velkommen til seniortreff på Velferdssenteret

Seniortreffet er ope måndagar og torsdagar mellom kl 11 – 15.

Ein sosial  møtestad med aktivitet av ulike slag, alt etter behov og initiativ frå dei som kjem der.

På måndagar og torsdagar vert det servert middag, den kostar kr. 75.

Middag skal bestillast på førehand. På velferdssenteret skal det ligge middagsliste. Ein kan føre seg opp her på førehand eller ringe seinast onsdagen før på
mob. 974 79 129 for å bestille middag.

Lions ordner transport. Transport til og frå seniortreffet er gratis.

Dersom du lurer på noko, ring oss mob. 974 79 129!

Vik kommune
Marit Andersen og Kinga Husabø

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut